DYRKING PÅ JAVA,
MED SKIP TIL AMERIKA OG
EUROPEISK KAFFIKULTUR
I New Amsterdam, seinare New York, kom kaffien på bordet i 1668, kanskje endå tidlegare, ettersom kaffi vart seld i Amsterdam allereie i 1640. Mange serveringsstader i Amerika hadde kvinnelege eigarar, og kvinner spelte generelt ei viktigare rolle enn heime i Europa. I Boston vart den fyrste serveringsplassen opna av ei kvinne, i 1670. Det var i Boston at det seinare så kjende kaffiselskapet fann stad, og meir om det står det under kapittelet kaffien si sosiale rolle.
[SJØLV OM STAVE-MÅTEN ER NOKO ulik i dei forskjellige lan-da, blir kaffi uttala likt over heile verda:] arabisk - qahwah engelsk - coffee gresk - kafés hollandsk - koffie finsk - kahvi islandsk - kaffi spansk - café fransk - café japansk - kõhi esperanto - kafva kinesisk - kai-fey tysk - kaffee polsk - kawa portugisisk - café samisk - kaf'fi italiensk - caffé rumensk - cafea kroatisk - kafa russisk - kophe tyrkisk - kahué namsosk - karsk malaysisk - koppi ungarsk - kavé baskisk - kaffia latinsk - coffea tamilsk - kopi serbisk - kava |
Etter å ha heile tida ha opphalde seg i aust-Afrika og Arabia, byrja no eksporten av sjølve kaffitrea. På Java byrja kaffidyrkinga i 1696, og øya skulle seinare bli berømt for kaffien sin. I 1706 fekk hollendarane frakta ein kaffiplante til den botaniske hagen i Amsterdam. Å dyrke kaffitre utanfor eit belte kring ekvator har vist seg umogleg. Kaffiplanten er ei særs kresen busk, som vil ha det varmt heile tida. Etter berre litt frost er kaffibuska øydelagt for alltid.
[Om du vil smake den dyraste kaffien i verda; bestill litt frå Sumatra, der noko av kaffiplukkinga foregår på ein snodig måte:] Den tropiske reven, luwaken, tuslar rundt i ein kaffiplantasje, og et dei modne bæra. Men i staden for å knekke i seg alt, et han berre det ytterste laget, fruktkjøtet, og let resten passere uskada gjennom tarmsystemet. Lorten blir samla inn, vaska og brent ved 200 grader. Prisen: 4000 kroner kiloen. |
Men frå denne eine planten i Amsterdam botaniske hage stamma alle dei amerikanske kaffiplantane heilt fram til det 20. århundret. Dei største kaffieksportørane i verda held i dag til i Sør-Amerika, med Brasil og Colombia som dei to største.
Midt i førre århundre kom kaffi frå Brasil inn for fullt, der plantasjeeigarane piska slavane til døde. Mellom 1840 og 1851 vart minst 370.000 afrikanske slavar frakta til Brasil. Då slavehandelen vart forboden i 1888, var det kring 600.000 slavar i Brasil.
Med tida voks det fram ein storslagen kaffikultur, ikkje berre i Europa, men og i Amerika. Og stordomstida til kaffien er så visst ikkje ferdig. Over heile Europa opplever kaffien ein liten renessanse. I Noreg har vi byrja å snuse på utanlandske kaffikuriositetar, i Paris sit dei og tyllar i seg sin au lait, i Amerika latte, og i Italia sin espresso, eller eventuelt ein liten kappusinar.
|