[verdskaffihistorie]

KAFFIELSKAREN CLEMENS VIII,
KAFFIELSKAREN LUDVIG XIV OG
DET KAFFIELSKANDE FOLKET

Den fyrste europearen som skreiv om kaffi var, av alle ting, ein tyskar. Han heitte Leonard Rauwolf, og besøkte den tyrkiske handelsbyen Aleppo i 1573. Han skreiv følgjande:

"Dei har ein svært god drikk, som dei kallar Chaube, og som er like svart som blekk og veldig bra når ein er sjuk, spesielt ved magevonde; dei drikk han tidleg på morgonen, i porselenskoppar, så varm som mogleg...og lite av gangen."

Franskmannen Poncett hadde vore på reise til Etiopia i 1590, og var komen heim til Paris for å fortelje om landet. Men ingen ville tru han då han forklarte om mengdene av kaffitre han hadde sett.
London var og tidleg ute med kaffihus. Her er det ein liten kjerne av splid mellom London og Oxford. Folk i Oxford meiner at dei var fyrst ute på øya med eit kaffihus så tidleg som i 1650, medan det fyrste kaffihuset i London opna to år seinare. W. Parry skreiv i si reiseberetning, Sherley's Travels om "ein viss drikk som blei kalla kaffi".

Men det vi skal henge oss opp i her, er Lloyd's Coffeehouse. Edward Lloyd opna eit kaffihus i 1687 i London. Men han og familien hans skulle likevel ikkje bli mest kjend for kaffi. Utover 1800-talet forandra huset seg meir og meir mot det vi har i dag: Eit av dei største forsikringsselskapa i verda.

For øvrig var det fleire kaffihus på 1800-talet enn kva det er no.


[Vi hoppar litt fram i tid, til 1920 og ei heftig replikkveksling i Underhuset. Winston S. Churchill og lady Nancy Astor er høgst ueinige i ei sak:]

«Om eg var gift meg Dykk, mr. Churchill, ville eg ha putta gift i kaffien Dykkar.»

(Lang pause og summing i salen)

«Om eg var gift med Dykk, lady Astor...(pause)...ville eg ha drukke kaffien.»

Vi skal halde fram med England, før vi forflyttar oss til kontinentet. Teen, som har blitt sjølve symbolet på England, kom seinare enn kaffien. Rett nok ikkje meir enn fem år etter, men uansett. Kong Charles II fekk etter nyttårshelga 1676 ideen om å stenge alle kaffihusa, med argumentet om ikkje berre kaffi- og ølservering, men og usømeleg gambling og handel. Det verkelege argumentet, nemleg at kaffihusa samla politiske bråkmakarar, nemnde han ikkje. Etter nokre få dagar fekk husa opne att, etter at mektige menn byrja å murre.

I 1715 var det over 2000 kaffihus i England, og mange gjekk under namnet "Penny Universities". Her kunne folk betale ein penny i inngangspenge for å lytte til vise ord.

[Storvisiren i Det ottomanske riket stengte i 1656 alle kaffihusa i riket, og nedla forbod mot å nyte kaffi.] Straffa for å bryte desse forboda var eit dypp i Bosporos-stredet mellom Svartehavet og Middelhavet i ei lærveske.
Som før nemnd; i islam var det store bruduljar om eksistensgrunnlaget til kaffien. Det same var det i kristendommen, om ikkje med fullt så mange aksjonar. Medan det i islam ikkje var, ei heller er, ein felles leiar, vart det mange oppgjer. Innafor den romersk-katolske kyrkja både var (og er) det paven som bestemmer til sjuande og sist, som det mellomleddet han er.

Tidleg på sekstenhundretalet avgjorde paven det heile ganske enkelt. Kardinalane ynskte at paven skulle forby det dei såg på som djevelens verk, sidan dei ugudelege muslimane drakk det. Pave Clemens den åttande, derimot, var nok ein svoren kaffitilhengjar. I alle fall uttalte han følgjande:

"Denne Satans drikk er så god at det ville vere stor synd om berre dei vantru skulle få nyte han. Vi skal lure Satan og døype han, slik at han blir ein sann, kristeleg drikk, ufarleg for sjela."

Eigentleg heilt unødig å seie; Clemens den åttande (pave 1592-1605) var ein luring. Merkeleg nok vart han ikkje kanonisert av kyrkja.

TYRKISK AMBASSADØR
Kaffihus hadde det vore i Europa sidan byrjinga på 1600-talet. Full oppsving fekk drikken under Ludvig XIV, solkongen sjølv.
Ei mindre kjend side ved Ludvig 14. var at han var ein ivrig botanikar. I drivhuset hadde han m.a. eit kaffitre. I testamentet av 1714 stod det spesielt omtalt. Frø eller plantar frå treet skulle fraktast til alle franske koloniar kring ekvator. Ein offiser tok med seg den fyrste planten til øya Martinique, ei strabasiøs ferd, der ein sabotør fleire gongar prøvde å øydeleggje planten. Det var lite drikkevatn om bord, og offiseren mått rasjonere hardt. Halvparten av vatnet gjekk til kaffiplanten, som gav dei fyrste kaffibæra i 1726.
Ambassadøren, eller sendebodet, som nok er ein meir korrekt betegnelse på jobben, Soliman Aga frå Tyrkia, gjorde alt tyrkisk til mote i Paris. Blant anna kaffi. Og solkongen var blant dei som vart nært knytta drikken. Men kaffi var framleis berre for adelen, og som kjent menga ikkje dei seg særskilt med resten av folket.

Kaffien kom til Frankrike så seint som i 1660, og ikkje til Paris, men hamnebyen Marseille. Her opna det fyrste kaffihuset i 1671, medan Francesco Procopio dei Coltelli, populært kalla Procope, opna den fyrste caféen i Paris 1686. Med Procope kom det vi i dag kjenner som den franske caféen, ein ny standard innafor serveringsstader, med speil og marmorbenkar.

Procopes café vart ein møtestad for kunstnarar og filosofar. Nokre av gjestane var Voltaire, Montesquieu og Diderot. Voltaire sin favoritt var ein mikstur av kaffi og sjokolade, og rykta vil ha det til at han kunne setje til livs førti slike koppar for dagen. Voltaire var guten sin.
Og Le Procope eksisterer endå.

Voltaire sin favoritt: Mokkakaffi

Venezia var fyrste hamna kaffien kom til i Europa, rundt hundreårsskiftet 1500-1600, på slutten av renessansen. Det fyrste kaffihuset opna nokre år før britane; 1647.

ETTER VATN
Kaffi er den mest utbreidde drikken i verda etter vatn. Berre dette seier litt om kor populær den svarte drikken er, ikkje berre i Norden, Europa, men heile verda. Finnane er dei som drikk mest kaffi i verda, medan vi ikkje kjem langt etter.

Kvar nordmann over 15 år set i gjennomsnitt til livs 1000 koppar kaffi i året. Skandinavia står for fem prosent av kaffiimporten i heile verda; eit urimeleg høgt tal i høve til at 0,3 % av befolkninga i verda høyrer heime i Skandinavia. Mesteparten av kaffidrikkinga i verda foregår i vesten, med USA som den største importøren.

Som handelsvare er kaffien også her nummer to, etter olje. Rundt 100 millionar menneske rundt om i verda jobbar i dag med kaffi på ein eller anna måte. Det er over ein og ein halv prosent av befolkninga her på jorda.

Liter drikkevarer nordmenn konsumerar årleg. (Kjelde: Norsk bryggeri og mineralvannindustris forening)



tilbake   meir historie