[verdskaffihistorie]

KAFFIHUS,
RESTRIKSJONAR OG
KRIG OM WIEN

Det fyrste kommersielle kaffihuset vart starta i Mekka i 1470. Ikkje lenge etterpå vart andre starta opp i Bagdad, Aden, Kairo og Medina. Til Konstantinopel kom kaffien i år 1550, og til Venezia hundre år seinare.

Også den tyrkiske kvinna drakk mykje kaffi, men berre i heimen. Og i den tyrkiske lovteksten stod det svart i koppen at den kona som vart nekta kaffi av husbonden øyeblikkeleg kunne ta ut skilsmisse.

I Konstantinopel vart kaffihusa kalla skulane for dei utdanna (her med fri omsetjing til nynorsk), og berre menn hadde adgang. Timane vart brukt til lesing, sjakkspel, sjå på dansarar, og jamvel klipping av hår enkelte plassar. Myndigheitene heldt kaffihusa under oppsikt, sidan mange politiske rebellar og generelt mange andre rebellar gjerne besøkte husa flittig. Samstundes hjelpte kaffidrikkinga mot noko langt verre; folk brukte mindre opium etterkvart som kaffi fekk fotfeste.

Men ikkje alt var vel. Gjennom tider og plassar har kaffi skapt debatt, og også i Konstantinopel. Kaffihusa øydela for moskeane, som fekk mindre og mindre besøk. Presteskapet reagerte sjølvsagt, og hevda at mennene berre stod og hang i kaffihusa. I korte periodar vart det innført både restriksjonar og forbod. I heimane vart det derimot aldri forbode å drikke kaffi, og under somme forbodstider var det lov å servere sjømenn.

Ei anna historie er frå 1683, då Wien var omringa av 30.000 tyrkiske soldatar under leiinga av Mohammed IV. Men i tillegg til våpen hadde og heidningane med seg kaffi, mange sekkar med bønner. Heile byen var omringa, tyrkarane hadde full kontroll, og over leirbåla putra kaffien.

På ei høgd utanfor byen stod keisaren, Leopold, saman med prins Lorraine og 33.000 soldatar. Dei venta på hjelp frå Polen og krigarkongen Jan Sobieski. Saman skulle dei frigje Wien. Kort fortalt stod slaget om Wien 12.september, og dei tyrkiske okkupantane vart jaga heim. Dei etterlot seg 25.000 telt, 10.000 oksar, 5.000 kamelar, mykje korn, gull og kaffi. Sistnemde hadde korkje keisaren eller dei andre noko greie på kva var. Den som fekk alle kaffisekkane var helten som hadde vore kurer, og frakta informasjon frå Wien ut til keisar Leopold, Franz George Kolschitzky. Og historia vil ha det til at det var han som starta det fyrste kaffihuset i Wien.

Men i følgje Karl Teply, som har skrive ei kritisk gransking om historia, er ho både lunken og beisk. At kaffien skal ha brukt 133 år frå Konstantinopel til Wien, held han som lite sannsynleg, då byane hadde nære samband gjennom både krig og diplomati. Og Teply held fram med at kvar einaste besøkande på den tyrkiske ambassaden alltid fekk ein kopp schwarzes Wasser.

Innafor islam, som det vart med kristendommen seinare, var det fleire gongar spørsmål om kaffi var ein heidensk drikk. Fyrste kaffiforbodet kom i byrjinga av 1500-talet, då Arabia stort sett var underlagt Egypt. Guvernøren, ein kar med namnet Kair Bey, visste lite om kva kaffi var, og innkalla dei mektigaste mennene i landet for å diskutere korleis kaffien virka på innbyggjarane. Ein av debattantane var så uheldig å seie at kaffi og vin hadde same verknaden på hjernen. Guvernøren og dei andre lurte sjølvsagt sterkt på korleis mannen kunne vite det, sidan vin var totalforbode hos dei ortodokse muslimane. Mannen måtte dermed innrømme at han hadde drukke vin, og vart dømd til pryling i følgje koranen. Guvernør Kair Bey la deretter ned forbod mot kaffidrikking.

Andre presteskap har nedlagt fatwa mot kaffi, blant anna sultan Mehned. Folket hans, derimot, ville den gong som no ha kaffi, og proklamerte ein mot-fatwa, som erklærte den fyrste makteslaus. Dette rettferdiggjorde dei ganske enkelt: Den oppkvikkande kaffien gjorde at dei kunne forlenge kveldsbønna.

tilbake meir historie