[verdskaffihistorie]

GJETARGUTEN KALDI,
SØVNIGE MUNKAR OG
TIDLEG UTGÅVE AV SNUS

Gjetarguten Kaldi var ute ein dag, nett som andre dagar, med geitene sine. Dyra gjekk rundt, åt frå buskvekstar i nærleiken, og vart etterkvart svært så lystige. Naturleg nok vart Kaldi bekymra for geitene, slik ein kvar samvitsfull gjetargut ville blitt ved slike usømelege og villstyrige geiter. Han prøvde både religiøse bøner og beroligande urter, utan at noko hjelpte.

For å få skikk på geitene, spurde Kaldi dei kloke; munkane i nærmiljøet. Munkane studerte geitene, og svaret var utvetydig: Dyra var oppstemde etter å ha ete nokre raude bær. For munkane var det hardt å halde seg vaken om nettene når dei skulle be og halde andakter, og kaffien vart derfor godt motteken. Ikkje lenge etter denne oppdaginga vart klosteret kalla det vakne klosteret.

I følgje legenda var det Kaldi som oppdaga dei oppkvikkande bæra. Han heldt til i eit område kalla Kaffa, for tida plassert i Etiopia, rundt 500-talet. Vi veit at afrikanske stammar i ualminnelege tider har knust bæra, og rulla dei saman med feitt til ei lita kule. Dette dugde som niste og jaktproviant.

Ei anna historie er om den arabiske kjøpmannen. Medan han var på reise i Kaffa-distriktet, fekk han servert ein merkeleg drikk av nokre gjetarar. Drikken gjorde han både lystig, snakkesalig og oppkvikka, og som den rettruande muslimen han var, blei han bekymra for om han hadde brote forbodet i Koranen mot å nyte alkohol. Heldigvis skjønte han snart at det ikkje var nokon grunn til uro; han vart klarare i hjernen av drikken.

Neste natt openberra Profeten seg for mannen i ein draum: Alle rettruande skulle dyrke planten, bli rike og lykkelege. Kjøpmannen tok med seg nokre kaffibusker heim til Yemen.

I det niande århundret etter Kristus vart det dyrka kaffibusker overalt i landet og snart etter andre plassar på den arabiske halvøya. I fyrstinga trekte arabarane te av dei knuste bæra, med skal, bønner og fruktkjøtt. Kven som var så klumsete å miste bønner på bålet, for dermed å oppdage dei aromatiske evnene kaffibønna har, veit vi ikkje. Den fyrste kaffien reknar vi med blei laga ved å knuse bønnene i ein morter, røre dei i kokande vatn, og varme opp til kokepunktet fleire gongar. På denne måten fekk dei ein tjukk drikk; i dag det vi kallar tyrkisk kaffi.

EKVATORBELTE
Kaffi veks utelukkande i eit belte kring ekvator, frå Mexico i nord til Sør-Afrika i hin enden. Kaffitreet er nemleg avhengig av varme, og ei einaste lita frostnatt vil øydeleggje heile avlingen. Så hende i 1975; det var ei natt med frost i Brasil, og over halvparten av alle kaffibuskene i landet døydde. Prisen steig dramatisk over heile kloden, noko som og har å gjere med at Brasil er den største kaffieksportøren i verda.

LITT VIDARE
Men vi går vidare i historia, eller historiene. Ei tredje er om Profeten sjølv, Muhammed. Under ei reise i Etiopia vart han svært sjuk, og eine natta hadde han eit draumesyn. Gabriel, erkeengelen, kom ned til Muhammed med himmeltoget, og med seg hadde han ein svart, ukjend drikk som skulle lækje. Den neste morgonen hadde det vakse opp to kaffiplantar ved sida av profeten.

Drikken som kunne bli laga av frukta på treet var svart som Kaaba, den heilage steinen i Mekka, og Muhammed gav drikken namnet qahwah. Både leksikon og fagbøker er ueinige om kva som gav namnet til kaffien, og det verserar to teoriar: 1) Etter Kaffa-området, Etiopia 2) Etter Muhammeds qahwah. Dei aller fleste held ein solid knapp på teori 2.

Ein anna person som har blitt tillagt æra for å oppdaga kaffien, er sjeik Omar. Han var både ein lystig kar og litt av ein sjarmør, i ein slik grad at han var tatt på fersken under særs intime samtalar med kongsdottera. Kongen var ingen ringare enn Aboul Hasan Shadheli, grunnleggjaren av den kjende kaffibyen Mokka i Yemen. Dei intime samtalane vart tatt ille opp, og sjeik Omar vart forvist til ørkenen.

Einaste selskapet Omar hadde i ørkenen var songfuglar. Ein dag såg han ein av dei sitje på eit tre med raude bær. Sjeiken vart betatt, plukka nokre bær, og, ved eit merkeleg innfall, kokte suppe av dei. Då han hadde tylla i seg drikken vart han lykkelegare og kvikkare enn på lenge, og Omar var snart på veg attende til byen for å vise prestar og formyndarskap den nye drikken. Desse gav det magiske vatnet til sjuke, som mirakuløst nok vart friske. Omar vart ein helt, og fekk seinare eit kloster til si ære. Læremeisteren og kongen til Omar, Shadheli, er framleis skothelgenen til arabiske kaffidyrkarar.

tilbake   meir historie