[kaffien si sosiale rolle]

KAFFIKOS,
SLABBERAS OG
TESELSKAP I BOSTON

Kaffislabberas har gjennom tidene vore svært så populært. Misjonsdamene kom saman, hekla og strikka, og drakk kaffi og prata. Slabberaskaffi var tynn, skvipete og rimeleg kaffi, utan at det var viktig: Kaffien ga den sosiale situasjonen.

Framleis er kaffien viktig. Kva var vel arbeidsdagen utan kaffipauser, møtene utan kaffi, frukosten utan svart syre til å vakne av? Og kaffien etter middag til å slappe av på? Desse faste kaffirituala markerer ein overgong, anten det er frå trøytt til vaken tilstand, frå føremiddag til ettermiddag, eller halve arbeidsdagen unnagjort.

Med tida har ikkje kaffi vorte mindre populær. Berre at mange serveringsstader er oppkalla etter kaffi tyder på kva påverknad drikken har hatt; anten det no har vore grå kafeteriaer som serverar tørre rundstykke med sveitt kvitost og gamal paprika, eller den mest fasjonable franske café, med croissanter og eksotiske og framande kaffidrikkar.

Heilt vanleg kaffi På åttitalet kom caféar, der du kunne kjøpe deg ein kopp espresso eller cappuccino, men ikkje stort meir, og urbane jappar fekk sin daglege dose kontinentalitet. I dag er tilbodet langt større, og du kan nyte ein espresso macchiato, espresso med mjølkeskum, og framleis føle deg kontinental.

Og når du då sit og pressar i deg den urbane drikken, kan du tenkje tilbake til det 18. hundreåret, til den franske revolusjonen og til den amerikanske frigjeringa. Kaffien var sentral begge stader.

PresskanneSidan kaffihusa byrja i Mekka har kaffi vore ein drikk for dei politiske rebellane. Styresmaktene overvaka husa for å oppspore politisk opposisjon. Men lat oss gå tilbake til Café de Procope, den kjende café i Paris. Kvar elles skulle vel rådslåingane finne stad under dei turbulente dagar i 1789? Her sat Robespierre, Marat, Danton, Herbert og Desmoulins og drakk kaffi og sikkert litt anna innimellom, her hadde dei kraftige politiske diskusjonar innimellom kaffikoppane. Ein anna kjenning på caféen var ein fattig artillerioffiser, så fattig at innehavar Francesco Procope ein gong måtte be unge Napoleon Bonaparte om å leggje att hatten sin som pant.

Midt på 1700-talet byrja det å bli heitt også i Amerika. Dei tilflytta ville ha sin eigen stat, utan britisk kontroll. Og, som nemnd tidlegare, kva er meir engelsk enn ein kopp te? Det var på denne tida at te for alvor vann over kaffi i Storbritannia. I Boston inviterte nasjonalstatstilhengarane til teselskap, som vart nokså vilt i formene.

The Green Dragon, som vart opna i 1679, var den mest kjende serveringsstaden i Boston på den tida, og det var hit britiske tenestemenn og politikarar kom for å ta seg ein kaffi- eller tetår og ein liten diskusjon. Ein annan av gjestane var Samuel Adams, som hadde gått seg kraftig lei av alle dei engelske tiltaka for å begrense den amerikanske tehandelen.

Adams og ein gjeng andre engelskavstamma englandsmotstandarar kledde dei seg ut som indianarar og gjekk om bord på eit engelsk skip, fylt med te. All eskene vart raskt lempa på sjøen, og hamna på botnen av hamnebassenget. Etter dette vart te sett på som no good, medan kaffi blei demokratidrikk nr. 1. The Boston Teaparty vart seinare sett på som innleiinga til den amerikanske revolusjonen, frigjeringa frå den engelske krona, og det seinare USA.

OVERKLASSEDRIKK
Gjennom heile historia går overklassen og aristokratiet att som dei fyrste som drakk kaffi. Ikkje berre i Noreg, men faktisk i heile verda. Dette er sjølvsagt ei heilt naturleg utvikling, sidan noko nytt er dyrt og berre rike har råd. Kaffi har alltid vore eit statussymbol, og rikingane på 1700- og 1800-talet var ikkje berre opptatt av den gode smaken og det faktum at drikken var eksotisk. Kaffi gav dei anledning til å vise fram rikdommane sine, forseggjort servise, negergut som serverte og store kaffikaraflar av sølv.

No har alle meir eller mindre råd til kaffi, også det ekstra luksuriøse, som spesialimportert kaffi frå Sumatra og andre sortar. Andre tilberedningsmetodar, eksotiske kaffidrikkar og kontinentale vanar er nye måtar å vise seg på.

tilbake meir historie