[kaffisortar]

COFFEA ARABICA,
KAFFI HØGT OVER HAVET OG
GJÆRA BØNNER

Kaffibæra veks på kaffitre, eller coffea, som det heiter på latin. Innafor coffea-slekta finst tre ulike sortar: Arabica, robusta og liberica. Rett under følgjer litt om kvar enkel sort.

Det er med kaffi som alle andre jordbruksprodukt. Poteter smakar ulikt, og sjølv om Ingrid Espelid anbefaler kerrs pink, er kanskje du ueinig og sver til pimpernell. Ingrid Espelid om det. Kaffi smakar ulikt alt etter kva land du held til i, etter kvar han er dyrka, og ikkje minst; tilhøva ved dyrkinga. Sjølv innafor ei og same plantasje kan jordsmonnet variere, og kaffien med det. Og som ei lita tillegsopplysing: Kaffi frå høglandet vert rekna som betre enn kaffi dyrka på nivå med havet.

Grovt sett er det tre måtar å brenne (eller roste, som det og heiter) kaffibønnene på. Den søreuropeiske måten vert kalla svartbrenning, og har den bitraste smaken. Andre namn er oljebrent og italiensk brent. Grad nummer to, som er lysare, er mellomeuropeiske mørkbrende, og kalla franskbrende bønner. I Norden, USA, Storbritannia og mange andre land er brenninga endå lysare, og det er også denne som er mest nytta i verda. Denne tredje måten har ikkje noko namn.
Kaffi i Norden er mild, men også her er det variasjonar. Svensk kaffi er skarpare og bitrare enn norske, og samanliknar du norsk kaffi med cubansk, vil du knapt tykkje at den eine av dei er kaffi i det heile. Tyrkisk kaffi, som jo er originalen, er langt sterkare enn kaffien her på fjella. Tyrkisk og gresk kaffi kan du ete med skei.

ARABICA
Storparten av kaffien som folk tyllar i seg er arabica-kaffi. Ja, faktisk er rundt 75 prosent av råbønnene som veks opp av denne typen, som blir sett på som den finaste og beste. Om lag all kaffi i Noreg (og dei fleste andre land i vesten) er arabica. Arabica er den mildaste av kaffisortane.

ROBUSTA
Coffea robusta er ein annanrangs kaffisort, som blir mindre og mindre nytta. Fordelen med sorten er, som namnet røper, at han er robust. Medan arabica knapt tåler ei einaste frostnatt, kan robust bli dyrka under verre føresetnader. Mesteparten av robusta-kaffien blir brukt i produsentlanda sjølve, som for denne sorten er spesielt vest-Afrika, Malaysia og Filippinane. Robusta, som utgjer kring 25 % av kaffien i verda, smakar og sterkare enn arabica. Før var det mykje robusta-kaffi i Noreg, spesielt på Vestlandet og i Nord-Noreg. Fiskarar treng sterk kaffi. Etterkvart har forholda jamna seg ut, det same har kaffismaken, og det er no lite skilnad på kva østlendingar og vestlendingar føretrekk.

LIBERICA
Liberica står for ein svinnande liten del av kaffien på jorda, faktisk under ein prosent. Sorten har sterk smak, og blir, som robusta, mest drukke i produsentlanda.

Kaffitreet byrjar å bere frukt etter tre til fire år, og er produktivt i om lag 20 år. Kaffi byrjar som kvite blomar på treet. Frå blomane veks det bær, som fyrst er grønne og umodne, til dei blir kaminraude. Frå blomen til det ferdig modne bæret tek det over åtte månader. Etter plukking blir fruktkjøt og hinner fjerna, og voila, kaffibønnene er klare.

Å fjerne fruktkjøtet kan gjerast på to måtar; tørr eller våt metode. Den tørre metoden er den enklaste, og også mest fornuftige i områder med lite vatn. Bæra vert reinsa (og bæra er her både umodne og modne) for blad, jord og stein og rusk manuelt, og spreidd utover på ein steinlagt plass. Her tørkar bæra, og blir snudd fleire gongar for dagen. Om kvelden vert kaffibæra samla i store haugar og får presenning over seg. På den måten kjem ikkje fukt til. Etter nokre veker med slik handsaming har fruktkjøtet skrumpa og tørka inn, og det er lett å ta av.

I den våte metoden er kvaliteten jamt over langt betre. Maskiner gjer her jobben med å fjerne kjøt og hinner, etter at bæra fyrst er blitt vaska i vatn. Bønnene vert ført ut i vaskekanalar, som skil dei gode frå dei dårlege bønnene. Dei gode bønnene hamnar i siloar, der dei skal gjære i 12-36 timar. Etter gjæringa blir bønnene vaska nok ein gong, og blir lagt ut til tørk i litt under ei veke. Denne tørkinga stoppar gjæringa og minskar vassinnhaldet i bønnene.

På grunn av gjæringa får vaska bønner ein anna smak. Som regel er kaffien vi får i butikken ei blanding av begge to måtane.

tilbake meir historie