[kaffidrikkar]

OPPSKRIFTER

Prøvd cappuccino-is? No får du sjansen:

CAPPUCCINO ON THE ROCKS
Lag isbitar av sterk kaffi, hell kald cappuccino over. Server i stettglas.

COFFEE DESPERADO
Putt tre skeier pulverkaffi i eit glas, og tapp oppi varmt vatn frå springen. Rør om med kniv eller gaffel, og drikk i store slurkar. Blir anbefalt ved store abstinensar.

ESPRESSOSAUS
Ypparleg til vaflar, pannekaker, rista loff og is.

2 1/2 dl
1 3/4 dl sukker
3/4 dl vatn
1 1/4 dl ferdigbrygga espresso
2 ts rive appelsinskal
1 ts malt kanel

Bland sukker og vatn godt i ein liten kjele. Varm opp ved middels varme til sukkeret er oppløyst, kok opp og la det koke i 3-4 minutt. Ta kjelen av varmen, rør inn espresso, appelsinskal og kanel. Hell sausen i eit glas, og la det stå i romtemperatur i minst 30 minutt før servering.

SCONES MED ESPRESSO OG HASSELNØTTER
6-8 store scones
180 gram hasselnøtter
1 1/2 ss kaffibønner
3/4 dl mjølk
3/4 dl ferdigbrygga espresso
6 1/4 dl kveitemjøl
1 ss bakepulver
1/2 ts salt
8 ss kaldt smør
3/4 dl brunt sukker

Set omnen til 180 grader. Legg hasselnøtter og kaffibønnene i kvar si eldfaste form, og set desse i omnen til bønne og nøtter er lett rista, om lag 8-10 minutt. Legg nøttene i ein handduk og avkjøl. Gni nøttene i handduken, slik at det mørke skalet vert fjerna. Grovhakk nøttene, og mal kaffibønnene fint i ei kaffikvern.

Skru omnen opp til 225 grader. Bland mjølk og espresso i ein bolle. Tilsett kaffipulveret, og set bollen til side. Bland mjøl, bakepulver og salt i ein større bolle, smuldr smøret i blandinga. Ha i hasselnøtter og brunt sukker, og bland alt lett saman. Tilsett espressoblandinga, og rør med ei sleiv til du får ein smidig deig. Ha deigen ut av bollen, og elt til ganske store, runde, emner. Steik i 20-25 minutt.

ESPRESSO SORBETTO
Sorbet-is
4-6 porsjonar
3 3/4 dl ferdigbrygga espresso
4 sukkerbitar
5 dl skumma mjølk

Hell espressoen i ei isbitform og frys. Ha den djupfrosne espressoen og dei andre ingrediensane i ei kjøkkenmaskin, og kjør i tre minutt, til ei glatt masse. Server i høge glas.

SOMMARKAFFI
2 dl sterk og kald kaffi
1 dl appelsinjuice
1 eggeplomme
2 ss sukker
knust is

Pisk alt i hop, og server i høge, gjerne farga, gjerne plastglas. Best er det då likevel å legge litt vaniljeis og ei skive appelsin på toppen. For effektiv nyting; bruk sugerør.

MINT-KAFFI
Eit glas
1 dl sterk og varm kaffi
2 plater After Eight
Sukker om det freistar

Smelt sjokoladen i kaffien og putt litt sukker oppi om det freistar og sukr blandinga om du kjenner slik for det.

LAMMELÅR I KAFFI
Ein liten middagsrett til slutt, for sjukelege kaffielskarar

1 lammelår - om lag 2-3 kg
2 laurbærblad
2 l trakta kaffi
2 ss kapers
1 dl saft frå hermetisk fersken
salt & pepar

Avkjøl kaffien, gni lammelåret med salt & pepar og legg det i ein passande bolle. Hell den kalde kaffien over til lammelåret er dekt, ha nedi laurbærblada, og lat det stå natta over. Kok opp lammelåret i kaffimarinaden, og set til 2 ts salt. La dette stå og trekke, ein halv time pr. kilo kjøt. Ta deretter ut låret, tørk av all kaffi, og set det i omnen, 15 minutt ved 250 grader.

Lag ein vanleg brun saus, og spe på med både koke- og steikekraft. Tilsett kapers og ferskensaft. Pynt på fat med fersken. Steikte, fylte tomatar og brokkoli er godt til.

tilbake kaffihelse