[noregskaffihistorie]

FORBOD MOT HEIMEBRENNING,
LØVETENNER OG
KAFFISURROGAT

Det store inntoget av kaffi til Noreg kom kring 1850. Drikkevanane og drikkevarene våre før den tid var heller av den heimelaga sorten. Men i 1842 kom ei lov som forbaud heimebrenning, og brennevinet tapte sakte og sikkert for kaffien, som segla opp som stimuli-drikk nummer ein. Då dei same lovendringane vart innførde i Sverige og Finland skjedde nett det same.

Allereie i 1674 kom ein heimvendt kjøpmann til Christiania. Men folket var berre tørste på brennevin, og kaffien måtte vente. Noreg har alltid vore litt mindre kontinentale enn resten. Kaffien vart ein drikk for overklassen og på bordet i det øvre selskapsliv.
[Tordenskiold si karriere starta med eit kaffiselskap.] Fredrik IV, den dansk-norske kongen, var på reise mellom Fredrikstad og Trondheim i 1704. I Trondheim åt han og følgjet middag hos commerceråd Schøller, som var gift med mormora til unge Petter. Etter middagen vart det servert kaffi, som truleg kongen sjølv kom med. Petter Wessel vart godt kjent med kongefølgjet. Dagen etter var ikkje Petter å finne nokon plass; han hadde nemleg blitt med kongefølgjet tilbake til København.
Seinare vart det gjort forsøk på å få i stand ein anstendig kafé etter europeisk førebilete. Den engelske danselæraren mr. Stuart og frue opna i 1769 London Skienk på Stortorvet.

"På London Skienk kunne man nemlig "bekomme allehaande Viine, Brændeviine, Engelsk Øl, Chocolade, Caffe og Thee i Kopper eller Portions-viis, samt kold Mad". I parets dansesal kunne man i tillegg få undervisning i menuetter eller holde ball."

Dette skriv Mentz Schulerud i boka På Grand i hundre år. Paret måtte etter ei stund stenge London Skienk.

Vi går fram til 1814 og Eidsvoll. Eidsvollmennene flest var av høg rang, og velkjende med kaffi. I boka Jubilæumsværket, Eidsvoll 1814 kan ein lese følgjande:

"Daa so Carsten Anker tok til aa stella til Eidsvoll for seg, freista han her aa skipa alt paa engelsk maate, og han vilde sameina praktisk verksemd og arbeid med hyggje og aandshugmaal - nett i hovudsaki i angelsaksisk livskunst.I eit brev fraa 1802 til sin bror ser vi han paa godset sitt i fullt arbeid; han held paa og vøler paa det og hev hovudet fyllt med planar.Og det kom stendigt gjester for lengre eller stuttare tid: Stiftamtmann Kaas, Peder Anker og kona, lagmann Jens Gram, oberberghauptmann Hjort, professor Abildgaard, og Bernt Anker var der uppe med tvo kavallerar. Iver Elieson, som fyrr hadde aatt verket, budde der i vikor og "tjenstagtig Gjæst, som ikke generer Nogen". Dei aat middag kl. 4-5 og drakk kaffi i ro".Ut fra dette kan vi med temmelig stor sikkerhet slå fast at også Eidsvollsmennene tok seg velfortjente kaffepauser mens de sakte meislet fram grunnfjellet "eit fritt og sjølvstendigt rike som ikkje kan verta skift eller avhendt".

Spesielt etter 1816 var det mykje brennevin på borda i Noreg, ettersom det nyoppretta stortinget hadde opna for privat brenning på landsbygda; noko som før berre hadde vore lov i byane. Ein engelsk besøkande skreiv i 1835 at bøndene var så supne at ein "nesten kan undre seg over at det ikkje førekjem sjølvantennelse blant dei."Mot slutten av 1800-talet tok kaffien seg opp i Noreg, om ikkje anna, så i storbyane Bergen og Kristiana. På landsbygda vart kaffi framleis sett på som luksus, medan dei meir urbane fekk auga stadig opnare.

SERVERINGSMÅTAR
Fyrst vart kaffi servert i bryllup, seinare også på andre høgtidsdagar, og etterkvart kvar søndag. Med tida byrja nordmenn, også på landsbygda å drikke kaffi fleire gongar for dagen.

Eilert Sundt, den mest kjende samfunnsforskaren i Noreg, skreiv og om kaffi. I følgje han vart kaffi i Sogn servert med mjølk, sirup, og av og til saman med kandissukker, sjarmerande nok bitt i stykker av tennene til mor på garden.

Sjarmerande reklame frå 50-taletBlant dei siste i Noreg til å bruke kaffi var folk på nord-vestlandet. Kanskje ikkje så overraskande, kanskje, men kaffi vart som regel servert om somrane på setra. Samane hadde salt i kaffien (noko også guatemalanar er glade i å gjere), og rundt om i landet var det andre lokale variasjonar. På Hedemarken hadde dei gjerne brent rug i saman med brent kaffi, for å spare på dei dyre bønnene. Løvetann vart og anbefalt til å ha i kaffien, då det både smakte godt, var gratis og sunt.

Under begge verdskrigane var det rasjonering på kaffi i Noreg. Under fyrste verdskrig var rasjoneringa på 150 gram for tre veker. Surrogatkaffi dukka opp, laga av erter, korn eller andre jordprodukt. Lettare vart det ikkje med rasjon også på slike varer.

I dag utgjer vakuumpakka kaffi 90 prosent av kva vi nordmenn drikk. Vakuumpakka kaffi vart innførd i byrjinga av 60-talet, og tok over for den gamle kverna i butikken.

Denne delen avsluttar vi med eit lite tilbakeblikk på Kaffehuset Friele, som i år er 200 år. I 1854 gjekk den fyrste skuta med kaffi direkte frå Brasil til Bergen. Berent Friele, som var son av grunnleggjaren Herman, reiste til Rio med klippfisk i mengdevis, for å returnere med ein kaffilast, spesielt tilpassa norske ganar.

Og allereie før dampskipa kom lønte direktetransporten til Brasil seg. Ikkje berre kaffi vart frakta, heller. Frå Havanna kom andre produkt, som sukker og tobakk.

tilbake meir historie