Det var en hyggelig kafé, varm og renslig og trivelig, og jeg hengte fra meg den gamle regnfrakken til tørk på knaggerekken og la den loslitte filthatten på hyllen over benken og bestilte en café au lait. Kelneren kom med den, og jeg tok en notisbok opp av jakkelommen og en blyant og begynte å skrive. Ernest Hemingway, En varig fest

[kaffiforord]

KAFFI, FRUKOSTKAFFI, KAFFISLABBERASKAFFI, TURKAFFI, FJELLKAFFI, PULVERKAFFI, KYRKJEKAFFI, SNOBBEKAFFI, HYTTEKAFFI, SURMAGEKAFFI, KAKEROGKAFFIKAFFI, SKRAVLEKAFFI, SKVIPEKAFFI, SYKLUBBKAFFI, TYRKISK KAFFI, VENNEKAFFI, MOKKAKAFFI, FILOSOFIKAFFI, KARSK, GRAVFERDSKAFFI, JOBBEKAFFI, GRUTKAFFI, RASTEKAFFI, FORMYKJEKAFFI, VEGKROKAFFI, PAUSEKAFFI, PRESSKANNEKAFFI, MOTEKAFFI, TRAILERKAFFI, RADIOKAFFI, PLASTKOPPKAFFI, STERK KAFFI.

Berre dette, som eg attpåtil har stole frå ei bok, viser at kaffi kan brukast til mangt, eventuelt med mange smakar. I denne vesle avhandlinga er det lagt vekt på det historiske, naturleg nok, sidan dette er ei historieoppgåve. Likevel har eg valt å ta med andre ting, som litt om kaffibønnene, oppskrifter, kjemi og helse, for å skape ei samanhengande oppgåve som kan opplyse også utanfor det reint historiske.

Skepsisen har vore stor hos nokre. Argumentet deira var at kaffi slett ikkje hadde særskilt med historie å vise til. Eg håpar at eg har klart å gjere dette argumentet til vas og uvitug preik, og at alle innser kva fortreffeleg historie dei raude kaffibæra har.

Ei anna målsetjing er sjølvsagt å spreie den gode bodskapen (kaffi er bra).

Med god helsing til den vyrde og kaffidrikkande lesar:

Øyvind Lefdal Eidsvik, 12.04.1999

til framsida gå til verdshistoria