[kaffihelse]

SUNN DRIKK,
FARLEG DRIKK ELLER
REINE GIFTA

Når Honoré de Balzac, 1799 til 1850, gjekk til sengs, stod folk flest opp. Om natta skreiv han, i lyset av seks sølvlysestakar, til morgonen grydde. Balzac er rekna som den største kaffielskaren i litteraturen gjennom tidene. Han klarte ikkje å skrive utan kaffi, og som regel gjekk det i løpet av ei natt med rundt førti koppar. Etter nokre år med nattevaking skreiv han:

Den tida inspirasjonen etter kaffidrikking varer, blir stadig kortare. Kaffien stimulerer hjernen min i berre femten timar no, ei sjebnesvanger utvikling.
Den store kaffielskaren rakk ikkje å bli så gamal, berre 50 år. Dette er ikkje så rart, tatt i betraktning kva kaffiinntak mannen hadde. For å gå i svart, og då er det snakk om evig svart, er det nok å drikke minimum 75 koppar med sterk kaffi.

På den andre sida har vi Voltaire, og vi siterer hans eigne ord:

"Kaffi må sanneleg vere ei langsamt virkande gift, for eg er åttifire år og framleis ikkje død."

Som før nemt drakk Voltaire førti koppar med mokkakaffi for dagen.

MENNESKETRUSSEL
Er kaffien ein trussel for mennesket? Sidan slutten av sekstenhundretalet har legar og andre med forstand på området strida om dette spørsmålet. I byrjinga vart kaffi brukt som medisin, og kaffien var kjend for å ha god verknad på vond mage for fleire hundre år sidan. Kaffibønner vart jamvel seld i apoteka i fleire europeiske land på midten av 1700-talet.

Eit av argumenta for kaffi er at det skjerpar hjernen, aukar konsentrasjonen og gjer oss meir opplagte. Andre att meiner at dette er å klusse med den naturlege balansen i kroppen vår.

Koffein er stoffet som held oss vakne, og koffein er stoffet som skadar og hjelper. Koffeingehalten i kaffi er dobbelt så sterk som både te, og du må drikke ein liter cola for å få like mykje koffein som frå eit krus kaffi.

Forskinga viser at moderat kaffidrikking ikkje er usunt. Med måtehald kan du trygt drikke kaffi, også om du er gravid. Koffein korkje skadar fosteret eller framkallar spontanabort.

Heller ikkje ved andre sjukdommar har forskarane klart å bevise at kaffien er skuld i. Og ein enkel påstand som kan vere tøff å argumentere mot: Kaffidrikking er velvære. Velvære er sunt.

LITT KJEMI
Kaffi er blant dei mest kompliserte samansetningane ein kan tenkje seg. Opp mot tre tusen ulike aromastoff smeltar saman i ein uskuldig kopp, og av dei er berre eit fåtal identifiserte. Karalmell-, nøtte-, kjøtt-, og trearomaer finst alle i kaffi. Nokre av stoffa har vanskelege namn som pyrrolar, pyrredinar, oxazolar, furanar, furfuryalkohol, keton og feton. Forvirra?

Eit molekyl, namngjeven til 3,7-dihydro-1,3,7-trimetyl-1H-purin-2,6-dione, som held til i koffein, er det blitt forska særskilt mykje på. Det er dette rare molekylet som gjer at kroppen blir kvikkare, ved å skille ut adrenalin og noradrenalin i urinene. 3,7-dihydro-1,3,7-trimetyl-1H-purin-2,6-dione er også urindrivande.

tilbake   besøk på cooperativen