[kaffidrikkar]

MUNKEKAFFI,
CAFÉ ROMANA OG
SVEITSISK SPESIALITET

Her er, kort og kjapt, nokre av kaffidrikkane folk drikk kringom i vide verda. Ein enkel måte å skilje om kaffien er fransk eller italiensk er å sjå på antal f-ar i caf(f)é. To tyder på italiensk avstamming.

KAFFI
Jau, vår eigen kaffi, eller kaffe, som det heiter på austlandet og mange plassar på dialekt, skal få komme fyrst. Vanlegast no for tida er å tilberede kaffien i ein elektrisk kaffitraktar. Billege traktarar er eigentleg ikkje å anbefale, då kaffien blir dårleg av lang gjennomrenningstid, for høg eller låg temperatur osb. Nei, moccamaster er tingen, sjølv om han er ukristeleg dyr. Før var kokekaffi det vanlege. Vatnet varmast opp til kokepunktet, kaffi hivast oppi, kjelen av plata og kaffien trekk i nokre minutt. Så vert gruten silt ut, og kaffien er klar til avnyting.

PULVERKAFFI
I stad vart begrepet ukristeleg pris nemnt. Om noko skal få påklistra seg ukristeleg smak, er det pulverkaffi. Likevel er det enkelte som føretrekk pulveret. Prøv oppskrifta på Coffee Desperado (også kalla abstinenskaffi) under oppskriftene. Pulverkaffi er spraytørka kaffi, som fyrste gongen vart produsert i 1938. Til Noreg kom kaffien året etter, utan at han vart nokon umiddelbar suksess. I 1953 prøvde Nestlé å relansere pulverkaffien, etter at dei hadde bygd sitt eige produksjonsanlegg i landet.

ESPRESSO
Espressokaffi er sterkare brent enn vanleg kaffi, og er ufyseleg bitter & beisk. Denne typen er kjempepopulær spesielt i sydlandske strok, og blir servert i fleire ulike former. Espresso tyder å presse ut.

Namnet passar svært så godt, då espressokaffi blir laga ved eit trykk som svarar til ni atmosfærar. Slett ikkje ille for ein liten kopp. Kaffi her i Norden blir filtrert ved hjelp av tyngdekraft; kaffien renner ovanfrå og ned i eit filter, og ned i ei kanne. Ved ein manuell espressotraktar blir vatnet varma opp i den nedste delen, og pressa opp i ein behaldar over. På vegen blir vatnet pressa gjennom espressopulveret.

Espresso er ein typisk italiensk drikk; og, som Carolyn Miller skriv i boka Espresso - Culture & Cuisine: "... som uttrykker nokre av dei viktigaste sidene ved den italienske naturen: Det dramatiske, intense, stimulerande, levande". (her fritt omsett frå bokmål til nynorsk)

Den fyrste espressotraktaren vart laga i Frankrike i 1822. Seinare, i 1903, vart den fyrste espressomaskina til komersielt bruk produsert i Italia. Snart vart espresso, eller caffé espresso på italiensk, den viktigaste drikken på kaffebarane.

I Amerika heiter mange plassar espresso café romano, og denne vert då servert med rive sitronskal. Innbyggjarane i Roma er derimot ikkje så glade for denne dediseringa, sidan dei meiner at sitronskal i espressoen både er synd og skam. Meininga med skala er å dempe den bitre smaken (og visstnok og skjule dårleg espresso).

CAPPUCCINO
Nydeleg drikk frå Italia, basert på espresso og mjølkeskum. Ein smart espressomaker oppdaga raskt at dampen frå espressomaskina kunne brukast til å varme mjølk. Som eit ekstra pluss viste det seg at dampen og lagde litt skum på toppen. Cappuccino består av ein del espresso og tre delar varm mjølk og skum. Drikken er meint som ein frukostdrikk, søt og mild som han er. På toppen skal det vere krydder, som består av kakao, kanel og vaniljesukker.

Namnet tyder lille kappusiner, og då kan det løne seg å vite at kappusinarane er ein munkeorden i Italia, og at kappusinarmunkane er eit vanleg syn, i alle fall i Roma. Munkekutta til kappusinerane er sølefarga, same fargen som cappuccinoen har.

CAFÉ AU LAIT
Fransk klassikar, med vanleg kaffi (evt. espresso) og mykje varm mjølk. God til dypping.

CAFÉ LATTE
Liknar både på cappuccino og café au lait, og namnet kjem høgst truleg av amerikanarane sin generelt dårleg utvikla språksans. I alle fall; café latte består av ein del espresso og tre delar varm mjølk. Og oppi dette er det vanleg med litt smakstilsetningar, som sirup, kirsebærsaft, nøtter, mint og slik bortetter.

CAFÉ CREME
Sveitsarane sin spesialitet, med vanleg kaffi tillaga på espressovis. Gjerne med litt gyllent skum på toppen.

AMERICANO
Espresso tynna ut med vatn for feigingar. Bra for norske kaffiganar.

CAFFÉ MACCHIATO
Vanleg espresso med mjølkeskum på toppen.

CAFFÉ MOCHA
Ein del espresso, ein del varm mjølk og ein del kakao. Voltaire sin favoritt, ikkje merkeleg. Å drikke førti koppar av denne verkar slett ikkje snodig.

CAFFÉ RISTORETTO
For dei med transplantert magesekk av lær (evt. sterke metallar). Same mengde espressopulver, men berre 1/4 med vatn. God betring.

CAFFÉ CORRETTO
Korrigert espresso, der korrigeringa består av tre skeier konjakk eller likør.

tilbake   oppskrifter