[kaffibesøk]

EIT
BESØK PÅ
COOPERATIVEN

NKL kaffe, der NKL står for Norges kooperative landsforening, er det tredje største kaffibrenneriet i Noreg, og forsyner alle samvirkelaga kringom med beisk kaffi av både raud og gul valør.


Ettersom ei kvar oppgåve krev gode kjelder; kva er vel betre enn å oppsøkje ei høgst levande kjelde? Bror og eg besøkte nett denne kaffiposeprodusenten. Litt nyttig skal ein då gjere i vinterferien. Sjefskaffismakar Benny Hebo Larsen (i alle fall vel eg og bror å tru at han er sjefskaffismakar) er ein triveleg danske med norsk rulle-r og ein pasjonert kaffielsker. Ut frå dette vel vi å kalle han på fornamn her.

Benny tek oss med til testrommet, der dei kvar dag testar ut ulike kaffibønner for å avgjere kva bønner som skal vere med i dei ulike blandingane. På bordet har han alt laga klart nokre typar, alt frå tørka bær, til mange typar arabica og ein robusta.

Coop kaffe lagar seks ulike typar kaffi, kvit (koffeinfri), grøn (økologisk), blå (med mokka), raud (beisk og sterk), gul (beisk og mild) og Rainbow kaffi. Sistnemde hadde tilfeldigvis bror kjøpt dagen før, og var både smakt og sterkt kritisert ved frukostbordet. Rainbow-kaffien er blant dei einaste sortane i Noreg som har litt robusta i seg.

Vi får ei lita smaksprøve på blå coop (svært bra), og får sjå på korleis Benny prøvesmakar, ei heller grisete affære. Kaffien, som han tek frå tre glas med ei stor skei, slurpar han høglydt inn, gurglar kaffien i eit sekund, før han spyttar alt ut att i ein kum.

Til alt overmål er det og bilete av Benny og ein anna kaffismakar ved NKL i Norsk kaffeinformasjon si bok om kaffi.


Benny vil vise oss rundt på kaffibrenneriet. På lageret i kjellaren står pallar på pallar på hyller, som berre ventar på å bli frakta ut til eit av dei mange tusen samvirkelaga kringom i landet.

Vi går mot inngangen, der all råkaffien blir teken imot og frakta vidare. Herfrå går det samleband opp ei etasje, der ein mann står og skjer opp kaffisekkane, og lar bønnene strøyme ned i ei svær trakt. Skal eg tippe er han nok ikkje fullt så farleg som han ser ut som. Kaffien går vidare til siloar, der dei ventar på å bli sendt vidare til rosting, maling og pakking.


Coop kaffe har om lag 25 prosent av kaffimarknaden i Noreg, og er med det tredje størst. Joh. Johanson, som lagar Evergood og Ali kaffe, har litt over 30 prosent, det same har Kaffehuset Friele. Til saman har dei tre store heile 85 prosent av marknaden. Den cooperative kaffien er etterkvart blitt gamal; I 1953 lanserte NKL kaffie, og Benny har vore kaffiekspert sidan 1959.

- Coop har det mest moderne datautstyret til kaffiprodusering i heile Nord-Europa, seier Rune, som jobbar på styringsrommet. Alt går på data, og folka på styringsrommet kan heile tida passe på kva silo kaffien kjem frå, går til, og på kva maskin alt vert pakka.

Dette er ei av pakkemaskinene, for tida i gong med å pakke gul coopkaffi inn i gule posar. Denne maskina produserar hundre pakkar i minuttet. Andre maskiner lagar ståposane, som kvit og blå coop kjem i. Den mest imponerande maskina er likevel hardvak-maskina, som i løpet av eit minutt har pakka inn 110 pakkar i både pose og papp utanpå. Alle pakkane går inn i små vakuumbur, der all luft blir pumpa ut, for å sikre ferskast mogleg kaffi. Etter den finurlege pakkinga går kaffien i ei bane på ti minutt, slik at eventuelle lekkasjar får tid til å lekke, og tid til å bli oppdaga. Dårlege varer blir automatisk dytta ut av maskina.

Og då bror og eg drog frå NKL kaffe for å hente tante Jorun som kom med Nesoddbåten, hadde vi, i tillegg til mykje info og gode minner, og fått med oss ein pose blå coop (med mokka) og ein pose grøn (økologisk).

tilbake   kaffidyrking i colombia