Kaffibønner vert sådd på
ein planteskule. Utvalde bønner vert sådd med små mellomrom
i rette linjer. Over bønnene blir det tromla eit lag jord,
og palmeblad blir lagt over. Dermed held temperaturen og fukta seg konstant. |
Seks veker seinare har bønnene slått
rot, og plantane pressar seg opp mot overflata. Samstundes gror det fyrste
bladparet ut. No blir dei dårlegaste plantane skilt ut, og dei sunne
attlevande står 25 centimeter frå kvarandre. I løpet
av dei neste fire månadene kjem neste bladpar, og åtte månader
etter det er bønna blitt eit lite kaffitre, om lag 60 cm høgt.
|
Kaffibuskene er klare til utplanting på
kaffiplantasjane, og blir pakka inn i palmeblader. |
Dei colombiske kaffiplantasjane, eller finca'ar,
som dei heiter, er ikkje stort større enn eit gjennomsnittleg norsk
småbruk. |
Dei små kaffitrea blir planta ut i lange
rekker, med eit mellomrom på nokre få meter. Mykje tid går
seinare med på beskjæring, for mellom anna halde trea i nokonlunde
behagleg plukkehøgde. |
Etter ein tre til fire år byrjar kaffitreet
å bløme, og angen kan luktast milevis frå. Dei kvite
blomane er teiknet på ein god kaffihaust før halvåret
er omme. |
Bær for bær blir plukka ned av
rutinerte hender. Fleire gongar skjer dette, for berre dei modne bæra
blir plukka. Kanskje inneffektivt og lite rasjonelt, men atskillig betre
kaffi er resultatet. |
Eit av dei einaste mekaniske hjelpemidlane
er pulpemaskina, som skil kjerna frå det raude fruktkjøtet. |
Fruktkjøtet blir kompostert, medan
bønnene går i store basseng med vatn. Der ligg dei mellom
eit og to døgn. I denne tida blir bønnene lett gjæra,
som gjev vaska bønner ein anna smak enn dei uvaska. |
Etter vasken blir bønnene tørka
på steinterassar, der dei fleire gongar for dagen blir venda på.
Kvar natt blir bønnene raka i hop til haugar og lagt presenning
over, for at det ikkje skal kome fukt i kaffien. |
På maskiner blir det harde pergamioskalet
fjerna, og kaffien filtrert for heller upassande element som stein. Bønnene
blir sortert etter størrelse, vekt og form, før kaffien blir
manuelt sjekka. Alle dårlege bønner blir fjerna. |
Dei olivengrøne bønnene blir
fylt i sekkar. Den colombiske kaffiføderasjonen inspiserer kvart
enkelt parti. |
Kaffiprøvene blir grundig testa på
klassisk vis. Om ekspertane ikkje er nøgde med kvaliteten, blir
ikkje partiet eksportert. |
Og til slutt, kaffien blir lossa på
båtar, eventuelt tog eller bilar, og frakta ut i verda. |